torsdag 14. mai 2009

Verdens dårlegaste bloggar...

he he...
Eg må nesten le litt av meg sjølv...
Trur eg må vere verdast dårlegaste bloggar....klarte å skrive eit par gonger og så vart det brått slutt.

I går kom det ei hyggeleg dame inn på Purpur å spurte meg om eg blogga fortsatt?
oii tenkte eg då...den bloggen min har eg vel ikkje nett pleia så godt.

På Purpur går det i full rulle om dagen... utesesongen er starta og me har masse flotte uteplanter på gateplan for å friste kundane:)
Me vert jo litt frista sjølve og, så bestyrerinna som alle kallar meg, måtte plante nokon flotte dobble clematis, nydelege lilla Salvie og butterfly lavendel i går.
Håpar berre været held seg, og at snøen på 17 mai i fjor ikkje gjentek seg.

Elles har me fått inn fleire nydelege italienske marmorfliser med fantastiske handtrykte motiv... dei er verdt eit besøk! :)

PS!!! Me har satt ned prisar på ein rekke gamle antikke møblar, så ein kan gjere eit kupp om dagen!