søndag 28. februar 2010

Takk til svigermor Ellen!



Eg er så heldig å ha gode hjelparar rundt meg, og det er godt å ha når ein driv butikk!
I går fekk eg 5 nysydde puter hjå gode svigermor Ellen på Siggerud! Ho og ei venninde hjelper meg å produsere strikka sjal, luer, ponchoar og syr puter for meg! Eg prøver så godt eg kan å produsere noko eg og, men tida mi strekk ikkje heilt til lenger for alle mine kreative idear. Då er det godt å ha gode hjelparar!
MEN... eg fekk då kosa meg litt på fredagskvelden med å sy ei lappepute av det nye silkestoffet og litt retrostoff, så no står det berre att å sette glidelås i den!

Me kosar oss med graut til søndagsfrukost i dag.
DEN FLADE MAGES GRØT kokar me på rismelk og vatn. Den inneheld sunne og gode ting som hirse, bogkveite, quinoaflak, hampfrø, rista mandlar og tørk frukt!
Veit ikkje om magen vert noko flatare som tittelen på grauten tilseier, men ein vert god og mett i mange timar etterpå!
På toppen er det godt med frisk frukt i bitar, nøtter, kanel og bjørkesøt som søtning!
NAM NAM!!!

fredag 26. februar 2010

Snømåking eller fredagskos?



Eg sit i denne stund å nyt fargane på anemonene mine..... men plutseleg sklir augene mine over på spaden som står godt parkert ute på terassen.
Veit ikkje kor mange gonger me har måka denne vinteren, men det tek aldri slutt å snø.... og no er terassen full med snø igjen, for ente gang......
SÅ, mannar meg herved opp for ny snømåkingsakt.
Bakdelane med å bu i 2 etg. er at alle over deg og skal måke, og ikkje alle tenker at det er smart å kaste snøen litt lenger ut enn rett nedfor kanten. Puhh.... måtte berre få ut den dårlege energien eg har samla opp.... Sånn, nok om det! :)
Har teke tidleg helg i dag, og det skal verkeleg bli godt med ei frihelg! Den skal nytast med vener og familiebesøk!
Fekk tak i eit nydeleg blåmønstra silkestoff på vegen heim no, og nokon fleire sprelske glidelåsar. Me får sjå kva som vert til av det....
No er det først måking, så velfortjent strikking, te og appelsintid!
Ha ei herleg vinterhelg!




torsdag 25. februar 2010

Ein god start på dagen!


Eg elskar å ha god tid om morgonen, og ein god frukost er jo det viktigaste å starte dagen med.
Min kjære sambuar er sjuk og heime frå jobb nokon dagar, så i dag fekk han kjernesunne, økologiske bananpannekaker og dagens kjernesunne smoothie til frukost! Litt ekstra protein, vitaminer, antioksidanter og våre daglege oljer må jo sjuklingar få i seg for å verta fortare friske....
Her i heimen er me litt over gjennomsnittet opptekne av gode sunne råvarer, og held oss til eit kjernesunnt kosthold utan melkeprodukt, gluten, tilsetningsstoff og sukker. Alle matvarer så økologisk som me klarar selvfølgeleg, så difor må eg ha med nokon matbileter innimellom og!
Håpar de alle der ute får ein strålande torsdag, kjernesunn eller ei! :)
Kjernesunne Bananpannekaker:
3 modne bananer
ca 4 store ts extra virgin kokosolje
3- 4 egg
2 dl restar av oppkokt Quinoa
1 dl bogkveitemjøl
1 dl glutenfri muffinsmjølblanding
1 ts øko bakepulver (uten hvidsten)
1 "god" ts kardemomme
1 "god" ts kanel
Smelt først kokosolja.
Mos bananene og bland dei saman med olje og egg.
Deretter rører du inn resten av dei tørre indegriensane til ei ganske så tjukk røre.
Steik dei i panne på middels varme som små runde og tjukke "amerikanske pannekaker".
Smakar veldig godt med rørte bringebær, peanøttsmør og banan eller epleskiver på toppen!
Alle produkta finn du på byns beste økosjappe, Røtter! www.roetter.no

mandag 22. februar 2010

Blått er hot!




Når eg no ser på bilda eg har teke i dag av nokon av helgas bruktkupp, er det jo vårens farge blått som går igjen. Tilfeldig eller ei....???
Patrolblå som den nye kule industrilampa på bildet, er ihvertfall ein av mine yndlingsfargar saman med mørk djup lilla. Så vårtrendy eller ei, blått er hot! :)




søndag 21. februar 2010

Vinterbrud




Fredag hadde me vinterbrud på Purpur. Me kosa oss med brudebukettlaging, hårpynt, armbånd, og cosaqe. Buketten skulle gå i kalde, klare lilla tonar med eit lite snev av varme ranunklar. Bilda ser de her... ( har og lagt ut nokon skjønne bilder av vinterbruder...er dei ikkje vakre?)
Etter "brudebukettkos" fredag, bar det avgårde til Danmark igjen på innkjøp, denne helga med gamle varer i sikte! Å drive butikk er ikkje latmannsliv, så tur/retur danmark i eit forferdeleg drittvær tok på denne helga. MEN... eg er veldig glad for dei nye flotte varene eg har kapra, så den sorgen vart fort gløymt i dag då eg kom heim. :) Eg har fått tak i nydelege gamle plansjar, kule industrilamper, gamle kassar med print, fleire retrotapetar, masse flotte gamle rammer, ei dødskul tørrvarehylle i mørk teak, fleire fine 70 tals skinnvesker ( her er det fleire som står på venteliste for desse, så førstemann til mølla).
Lovar dykk å legge ut bilder av dei nye funna i løpet av veka...
Til den tid... på gjensyn, og ha ein fortreffeleg søndagskveld!








mandag 15. februar 2010

Heimekontor/heimekos....



I dag er det kontordag hjå meg. Er eigentleg litt sky for papirarbeid, men det må desverre til for å halde hjula i gang...
Ventar spent på nye varer om dagen, og må friste dykk med nokon bilder av fine puter og lampeskjermar frå favorittleverandøren min Rie Elise!
Masse fine bånd frå Housedoctor ventar me og på, samt nye flotte puter, sengetepper, vasar, lys, potter og anna knask...
I mellom kraftak i papirhaugen må eg og kose meg med litt hekletøy og te i dag, heklar på eit laaaangt tynt skjerf til å kaste mange ganger rundt halsen! :)
Ha ein strålande mandag godt folk!







søndag 14. februar 2010

Kos, kjærleik, mas og fjas...



Puhh.... veit ikkje om eg kan skrive at eg er glad denne helga er over, men bestyrerinna er ihvertfall godt fornøgd med helgas innsats på Purpur!
Kven i all verden er det som har funnet på å smekke alle vårens merkedagar saman på ein dag? For oss i min bransje tok det litt av denne helga kan ein seie :)

MEN...Så lenge det er positivt stress, elskar eg å vere "i farta"!
Det vart og eit lite besøk i kjellaren til den hemmelege "lampeskjermdama" på laurdag etter butikktid, og nokon nydeleg skjermar vart det med i bilen heim! :)
Lampetårna viste seg stolte fram til skuelystne besøkarar i butikken i dag.

På Løkka i dag var det som om alle hadde teke turen ut i sola.... Dette var herleg å sjå, og eit sikkert teikn på at våren er i sikte!

torsdag 11. februar 2010

Bestyrerinna sine små gleder....




Då bestyrerinna entra butikkdøra i dagtidleg, kjente ho ei sann glede spre seg i hjartet. Magnoliagreinene hadde over natta begynt å åpne seg!
Dette måtte ho berre dele med dykk der ute....

Desverre varte gleden ikkje lenge, for nokon få timar etterpå var vasen med dei vakre greinene tom... :(

Ho rakk heldigvis å ta nokon foto av dei, og håpar på å skaffe fleire frå Holland i morgon!

Nokon skjønne frittelaria ville gjerne vere fotomodellar i dag og. Dei stod der så flotte og elegante å speigla seg i solstrålane som dansa over Birkelunden....






mandag 8. februar 2010

Fleire funn frå danmarkshelga!

















Her er nokon av skattane eg fann i danmark i helga, dei kjem i butikken i løpet av veka. Eg var så heldig å få med meg litt libertystoff og nokon sprelske glidelåsar og, så skal få sydd opp fleire puter i løpet av kort tid!


Ha ein fin vintermåndag! :)




søndag 7. februar 2010

Innkjøpstur!











Denne helga har eg og min kjære vore ein kjapp tur på innkjøp og litt kos i deilige Danmark.
Etter intensiv skattejakt og jobb på Formland, vart det eit velfortjent døgn med hygge i skjønne Århus.
Me elskar det økologiske hotellet Guldsmeden http://www.hotelguldsmeden.dk/home/ og dette besøket var intet unntak med ei natt der! Heile laurdag traska me gatelangs i Århus og fekk tak i nokon skattar i dei ulike bruktsjappene me var innom. Dumpa og over den sjarmerande barneklesbutikken http://www.krutter.dk/home/ Her har dei noko retro, noko heimestrikka og noko nytt i alle regnbuens fargar! Måtte berre vise dykk link til denne! Dumt eg ikkje tok nokon bilder inne i butikken, for heimesida synest eg ikkje heilt speigla det kule uttrykket til butikken. Den må opplevast! Sjølv om eg ikkje har barn endå, måtte det berre med nokon barneklær heim i kofferten! :)