torsdag 25. mars 2010

God påske!


No er det snart tid for ein velfortjent påskeferie på bestyrerinna. Men først måtte ho nett berre kose seg litt med å lage nokon påskekyllingar av retrotapet på jobb i dag!
I morgon snur ho nasen mot fjellet i vest der ho skal kose seg med familien, kjærasten, venner og kjente. Gledar meg til turar på ski, appelsin i fjellveggen, påskekrim, ei god bok, kreative sysler, god mat og drikke, og lange deilige fridagar....
God påske til alle skjønne bloggdamer der ute! :)

Løp å kjøp....


Rose 1



Rose 2



Absint 1



Absint 2




Cuba 1




Først av alt må eg få takke alle som stemte på oss i NIB sin "spiseplassutfordring", og for alle rosande ord, dei varmar meir enn de trur!
Og så vil eg i dag presentere nokon flisar som eg har tenkt å legge ut for salg på bloggen her.
Etter fleire spørsmål om ting er til salgs på bloggen, prøver eg meg litt i det små....

Desse nydelege tagsa/flisene er nokon av bestselgarane våre på Purpur! Dei er av italiensk marmor og trykte med utruleg flotte gamaldagse motiv! (Me har fleire motiv på lager)
Dei tåler varme og vatn og kan brukast som underlag til varme kjelar/panner, tekoppen, vinglaset, eller berre som dekor! :)
Mange har og flislagt med dei! (Kjempefine å lage fliscolaqe av)

Prisen for ei flis er 175,- og for 2 el. fleire 150,- pr stk!

Send meg gjerne mail for spørsmål!

tirsdag 23. mars 2010

Ein av ti...hihihi!!!



Eg vart så glad då nokon kviskra meg i øyret seint i gårkveld, om at eg var plukka ut som ein av ti finalistar i NIB sin "Spiseplassutfordring"....og endå meir glad er eg for alle som har stemt på meg til no. Det er jo så mange andre flotte finalistar med, og eg er berre kjempe glad for å vere ein av dei!
Stem på oss då vel! :)

onsdag 17. mars 2010

Påskestemning




Eg pleier sjeldan å pynte så mykje heime hjå meg sjølv til påske, då eg alltid reiser vestover i påskeferien. MEN, vart så glad for å finne desse nydelege vårfuglane på indiska i går, så pynta dei opp med litt fjør i hatten og hang dei opp saman med nokon påskeegg på kirsebærgreinene mine.
På Purpur held me oss til vårblomstrar og litt gule lys, og kankje nokon oppynta påskekransar med greiner og litt fine bånd til påskepynt. Det enkle er ofte det finaste tenker eg....

mandag 15. mars 2010

Ny veke, nye mulegheiter!




Benyttar starten på ei ny veke med å vise min yndlingsfarge på ranunklar, men og å vise dykk at eg er vorten stolt eigar av DYMO eg og!!! :) Jippiiii!!!

onsdag 10. mars 2010

Spiseplassen!


Eg heng meg på NIB sin utfordring med bilde frå Spiseplassen...
Her kosar me oss med middagsgjester, kaffi/tebesøk og anna kos. Eg brukar gjerne bordet til arbeidsplass og! :)
Ha ein triveleg onsdag i vårsola!

tirsdag 9. mars 2010

Filt er kult!




Kom over nokon ufatteleg skjønne nøkkelhankar og filta brosjer forrige dagen! Klarte å spore opp denne dama på ein blogg... http://lovarevolutionary.blogspot.com/
Dei skjønne tinga ho lagar er berre til å dåne av.... Åhh, eg mååå berre prøve å få tatt dei inn i butikken!
Søndag hadde me besøk av eit vennepar på middag. Selvfølgeleg stod det kjernesunn mat på menyen, og eg laga sunn sjokolade til kaffikos. Bilder og oppskrift kjem seinare!
Nydelege frilandsdyrka roser frå Colombia fekk eg og.... STAS! :)
God soltysdag til dykk alle!












onsdag 3. mars 2010

INSPIRASJONSGUIDEN er komen!



Me fekk den nye og flotte Inspirasjonsguiden i butikken i går, så no er det berre å kome å kjøpe!
Dette er ein guide over inspirerande butikkar, cafear, marked og interiørbloggar! Ved kjøp av denne guiden til 149,- vil du kunne få ulike rabattar og fordelar på dei utvalgte plassane!
Purpur er glade for å vera med i guiden, og me gir 15 % på antikke varer!



mandag 1. mars 2010

Fetter Jørgen 13 år, hurra!



Kven kunne tru at denne borddekninga var til min
kjære fetter Jørgen sin 13 års dag i går, men det var den altså! :)
Me feira han med hyggeleg familiemiddag og sjølvsagt kaker og godis!
Tante Tove som er mor til Jørgen, er ein flittig blogglesar og har like interesser for interiør og gamle skattar som meg. Då eg kom å såg dette nydeleg pynta bordet i går, vart eg varm i Purpurhjartet mitt! Tante T dekkar gjerne opp med ulike gamle flotte talerknar og gamle flotte farga glas, alle med nydelege mønster og fargar! Til underlag er det lag på lag med gamle tekstilar og dukar med broderi, og det heile er toppa med ei lang sløyfe i velour.... Nydelege fargar og ranunklar i djup lilla/burgunder!
YOU GO TANTE T!!!