onsdag 22. september 2010

Elvelangs i fakkeltog, og kveldsåpen Purpurbutikk!

I morgonkveld torsdag frå 20-23 er det Elvelangs i fakkeltog langs akerselva.....
Dette er absolutt noko å få med seg om de ikkje har gått ruta frå maridalen og ned til vaterland før. Langs elva er det spekka med kunstinstalasjonar, kulturinnslag, musikk, teater og dans...

På Purpur har me kveldsåpent kl. 20- 23 under Elvelangs, og for dykk som er Purpurvenn må de gjerne koma innom etter ein tur langs elva, for ein hyggeleg hausthandel, god Purpurstemning, brennande lys, noko i poselenskoppen og levande musikk!

Vel møtt, håpar me ser deg!

tirsdag 21. september 2010

søndag 19. september 2010

Frisk fjelluft!






Min gamle far feirte sine 60 år på hytta i helga! Hipp hurra for pappa Bent:)
Nokon fine fjellskattar fekk bli med gjennom Purpurlinsa og heim!
Gjett om kaffien smakte godt etter lang koketid på bål i tunet....

fredag 17. september 2010

Oslo fashion awards 2010



Purpur er i år blitt plukka ut av bransjejurien for
Oslo Fashion Awards 2010! Me skal representere konseptet vårt på catwalkvisning 05.10.10 Dette vert veldig spennande og ikkje minst ein kreativ måte å få vise fram Purpurkonseptet!

Er du fast kunde, eller god Purpurvenn, kan det hende det ligg nokon ekstra VIP bilettar under disken vår for nettopp deg! :)

torsdag 16. september 2010

Tid for løk og besøk!








Rett før stengetid hoppa denne vesle fargerike karen inn på butikken på overraskelesesbesøk i dag! Skal vi på besøk til deg sa han.... og selvfølgeleg ville eg gjerne ha den skjønne trekløverfamilien på Torshov på te og ris is!
Elles er det og tid for løk om dagen, så det er berre å plante i veg og glede seg til dei nydelegaste vekstar kjem opp til våren....
Om du ikkje heilt har tida til å vente, tar du med deg ein fiol knoll å legg den på eit fint fat inne, gir den ein dusj i ny og ne og ventar i spenning på det vakre som kan skje....

mandag 13. september 2010

på heimebane...

Foto: Inger Marie Grini
www.utsnitt.no

Når eg les att butikkdøra for dagen, snur eg meg rundt og tuslar førnøgd gjennom Birkelunden og heim. Der eg ruslar gjennom parken kjem ofte gode tankar om at det er her eg høyrer heime... det er denne bydelen eg kjenner ei tilhøyrigheit i! Denne følelsen er god å kjenne på tenker eg, og eg nikkar til den slitne gamle mannen med bukseselar på benken. Eg ser kjente fjes dag ut og dag inn. Nokon av dei kjenner eg ikkje, men likevel får dei meg til å føle at eg høyrer til her og at me har noko saman... nemleg følelsen av å høyre til!
For meg som kjem frå ei lita trygg vestlandsbygd der alle kjenner alle, er det nett denne tilhøyrigheiten som er god å kjenne på sjølv når ein bur i by. Sjølv om ein ikkje alltid kjenner alle, er alle dei kjente og trygge fjesa med ulike skjebner, ein tryggheit og tilhøyrigheit i seg sjølv.... Den skjønne småbarnsfamilien, jenta i bakgården, den rare kunstnerdama, den gamle mannen i parken, den narkomane fyren utan sko, sintedama med radioen, salmefyren med bleika pannelugg, rullestolpatruljen, engelskmannen og den gamle skjønne nabodama (som forøvrig har budd i den same leilegheita i 69 år)..... Ho må føle seg heime ho!!! :)

tirsdag 7. september 2010

takløk, tysdagskrans og nye sjal....



Det er tid for sjal igjen, og me har i helga fått inn nydelege sjal i duse og skittne fargar. Dei er alle i kidsilk og alpakka... måtte pynte nokon av dei med nybundne tysdagskransar i hortensia, viburnum, calluna og sølvtrå!
Takløk kan me jo aldri få nok av... fiiine er dei! :)

fredag 3. september 2010

litt bær, litt haust og litt helg...


Lenge sidan blogging på denne fronten, men ikkje alltid like enkelt å sette av tida til bloggkos for travle butikkdamer...
Elskar fredagar som dette, der ein kan glede seg litt til helg.... (men berre litt sidan butikkdamer må jobbe), og litt kaldt haustvær (men fint for det, og fordi det er sol) og til sjuande og sist litt muffinskos for å nyte dei fine fargane og blåbæra.....
Dei er riktig nok ikkje baka i dag, men til bursdagsfeiring for nokon veker sidan. Alle gjekk opp i eit moms og fekk føter å gå på hjå glade bursdagsgjester!
Ha ei riktig så fin hausthelg, me kallar det for "litt" hausthelg.... men berre litt! :)))