fredag 29. oktober 2010

Rått og flott!


Ein råkul dansk vinatgebutikk med sansen for dei finaste ting er Indenfor og Udenfor.....
Sjekk ut www.indenfor.com

torsdag 14. oktober 2010

Koloristar og hårpryd...



 
Mine favorittkoloristar har i nokon år vore Mark Rotkho og Cy Twombley. Kunstverka til desse to herrane kan eg aldri bli mett på...
Her viser eg dykk dei i skjønn og uvant forening med hårpryd frå shop bando

onsdag 13. oktober 2010

Pappasnekkra pottehylle...

Glad er eg for å ha ein handymann til far, og fine hyller og benkar får eg han til å snekkre etter mål og teikningar og av gamle material. Som mange av dykk kanskje veit, er gamle, slitte og rustikke material ikkje lett å få tak i. Denne gangen var eg så heldig å få materialrestar frå "Asbjørnbonde" i Bagn....
Tusen takk Asbjørn, du er snill!!! :)

mandag 11. oktober 2010

Oktobertid...

Kristine, venninda og sambuaren min fanga eit augeblikk av tida på besteforeldra sitt soverom.
Ikkje veit eg om dette bildet er teke er i oktobertid, men fargane, lyset og stemninga kan få meg i haustmodus....

fredag 8. oktober 2010

Tenk om...

                                                             Foto: Pia Ulin
                                                                

Eg kunne ta bilen å kjøyre på landet, eller på fjellet, eller berre ut av byn rett og slett....
Saknar å kjenne lukta av fri, ingen planar og frisk luft i nasa....

MEN... istaden får eg ta meg ein powernapp i parken, og kanskje vakne til rasling og dans i oktoberløv...



Posted by Picasa

onsdag 6. oktober 2010

Familiebilder...

Foto: www.elleinterior.se


Verdas finaste Petramor og Botolfbebbe!
Foto: Inger Marie Grini
www.utsnitt.no


Er ikkje så lenge sidan eg flytta, og har endå ikkje klart å få henge opp alle dei gamle familiebileta mine på veggen endå...
Kanskje eg denne gongen skal prøve meg på å sette dei på ei list som denne....