tirsdag 31. mai 2011

Tysdags fargar...

                      Favorittpelargonia frå takterrassen...
                      Ein tysdagsstabel med tekstilar...
                      Syriner i flaske...
                      Fotografen som speiglar seg i vindauget...
                       Og nokon loppiskupp frå søndag...


                                  God kveld der ute!

mandag 30. mai 2011

Skattar til å bli glad i...


Må vise dykk nokon av dei finfine skattane som fulgte meg heim frå Frankrike forrige veke...

Ei klok ugle...(tung som fy)
Eit nyyydeleg, ørgamalt, øyredobbepar til ei perleguri... (pruta og pruta, franskmenn er nokon gnitne stabeist)
Eit litt billegare gulgullt dobbepar...( ein kan aldri få nok av pynt i øyret)
Ei handmalt zoologioppgåve av fantastiske papillons...  (til og med nokon ekte utstoppa variantar vart med i bagasjen heim)

søndag 29. mai 2011

Eit hav av fransk atmosfære...










Har vore på svipptur til den Franske Riviera for å besøke familie sidan sist...
Her får de litt Fransk Atmosfære på ein regntung søndagskveld!

torsdag 19. mai 2011



17 mai vart feira på eit heidundrandes vis med fine folk på Løkka!
Det gamle koneskautet vart brukt for første gong med stor iver, og det skal jammen meg verte brukt på fleire nasjonaldagar frå no av!

Alt i alt, ei strålande feiring på finaste Løkka!
Posted by Picasa

fredag 6. mai 2011

Purpurnews!!!

Det har vore eit herleg eventyr, men Purpurbestyrerinna har bestemt seg for å gå nye kreative vegar, og vil i dag sleppe ei trist nyheit om at Purpurbutikken snart skal avsluttast....

Om det er nokon bloggdamer som lenge har gått å drøymt om å bli butikkdame/mann er det fullt muleg, sjekk ut denne Purpurannonsen

Purpurbloggen vil fortsette som før, kanskje dukkar det opp nettbutikk etterkvart, og eg kan leigast inn for styling til bryllup, dåp, konfirmasjonar, festar, events og etc. som er noko av det kjekkaste eg gjer!

Det vert spennande tider i møte, og eg gler meg til litt meir friheit, litt meir luft og litt meir nye kreative prosjekt!
                                     Foto: Trine Thorsen









torsdag 5. mai 2011

Leikestove?


Er det nokon ute i bloggverda som har ei nyyydeleg leikestove til låns for foto-opptak ein dag dei nermaste vekene? Den må helst ligge i Oslo området eller lengst ein liten time frå byn...

Eg ønsker meg gjerne ei leikestove med litt frodig og fargerikt heimesnekkra uttrykk, mykje detaljar og ein nydeleg hage rundt?

Ta gjerne kontakt med meg på mail 
kelvheim@gmail.com


tirsdag 3. mai 2011

Superpåfylltysdag!

 

I dag er det SuperPåfyllTysdag!

Tidleg zumbatrening for tysdagsfri Purpurbestyrerinne...
Kaffikos på Løkkas finaste Liebling....
Magnoliarus delt med søtaste Ellen K i byns beste hage....
Doremifasolatitå med KORET som snart skal ha konsert...

Betre tysdag kan det ikkje bli!




Posted by Picasa

søndag 1. mai 2011

Søndag, den første i mai!

 

Ein god søndag med ateliebesøk på Frysja, kaffikos i sola,
miniloppis, søndagsnellik og finaste BakgårdsRampeSturla  
er sporenstrax over...

Nattinatt over Løkkatak!

Posted by Picasa