onsdag 28. november 2012

Ohh vestland vestland...

Treng fleire spennande bolegar til interiørfoto i Bergen neste veke! Eg og fotograf Jorunn er på vestlandstokt frå tysdag 04- fredag 07.12
Er det nokon skjønne vestlandsbloggarar der ute som har lysst å vise heimen sin på trykk? :)

mandag 19. november 2012

Årets juleverkstad!


I det nyaste Bolig Pluss har eg vore på juleverkstad heime hjå Norges Vakraste heim vinnar Monica Bromseth. Sjekk ut juleverkstaden og julepynt tipsa mine for litt inspirasjon då vel... :)
Du kan og sjå innslag frå juleverkstaden på God Morgon Norge om ikkje lenge, kjem tilbake med tidspunkt!
God måndag!

torsdag 15. november 2012

Torsdagstips!





Eg vart inspirert på pinterest i går til å ta opp gamle 80 tals kunster på oppheng til hengeplanter. Ja nett slike  knytta oppheng som var veldig poppis på 80 talet.
Då eg tidlegare dreiv Purpur var det veldig mange som etterspurte hengepotter, noko som tydeleg ikkje har eksistert i sortiment hjå potteleverandørar på herrens år, men denne flettekunsten kan jo fort bli ein ny trend?
På biletet under har eg fletta eit potteoppheng av 8  like lange stoffremser.
Det er jo litt kitchy med planter hengande i glaset! ME LIKE!!!