onsdag 28. november 2012
mandag 19. november 2012
Årets juleverkstad!
I det nyaste Bolig Pluss har eg vore på juleverkstad heime hjå Norges Vakraste heim vinnar Monica Bromseth. Sjekk ut juleverkstaden og julepynt tipsa mine for litt inspirasjon då vel... :)
Du kan og sjå innslag frå juleverkstaden på God Morgon Norge om ikkje lenge, kjem tilbake med tidspunkt!
God måndag!
torsdag 15. november 2012
Torsdagstips!
Eg vart inspirert på pinterest i går til å ta opp gamle 80 tals kunster på oppheng til hengeplanter. Ja nett slike knytta oppheng som var veldig poppis på 80 talet.
Då eg tidlegare dreiv Purpur var det veldig mange som etterspurte hengepotter, noko som tydeleg ikkje har eksistert i sortiment hjå potteleverandørar på herrens år, men denne flettekunsten kan jo fort bli ein ny trend?
På biletet under har eg fletta eit potteoppheng av 8 like lange stoffremser.
Det er jo litt kitchy med planter hengande i glaset! ME LIKE!!!
fredag 19. oktober 2012
Bord, dekk deg!
Etter mange månader bloggpause, skal eg frå no prøve å koma sterkt attende!
Er travel jobbedame om dagen og tida strekk ikkje alltid til som bloggfrøken.
Her legg eg ut litt haust inspirasjon frå ei sak eg og Inger Marie Grini har på retrykk i det Sør Afrikanske Elle Decoration!
Saka stod på trykk i den Norske utgåva i fjor haust for dei som kjenner den att.
Ha ei riktig god hausthelg, kanskje er det nokon som vert inspirert til å dekk haustbord ute i det fri? :)
lørdag 28. april 2012
Inspirasjonsjeger
Å vere forlovar til barndomsvenninda si er ingen enkel sak. Det er mykje som skal planleggast, haldast orden på og ikkje minst er det ein viktig tale som skal skrivast.
I tillegg skal eg ha ansvar for det estetiske og pynt av heile bryllupet og det er heller ingen enkel sak når ein så gjerne vil gjere det beste ein kan og lage eit nydeleg og vakkert bryllup for nokon ein er veldig, veldig glad i.
Trudde dette skulle gå som ein dans på roser(bokstaveleg talt), for har jo god erfaring med bryllupsstyling, men no sit eg her .... desperat etter å finne det vakraste av det vakre og leitar desperat etter inspirasjon og å finne opp kruttet!
Klarar berre ikkje å bestemme meg for kva som vert finast på den store dagen til mi kjære venninde!
Men ein ting er sikkert, det kjem til å bli ein rørande natursermoni og ho vert den vakraste bruda i manns minne og indre sogn!
torsdag 26. april 2012
mandag 23. april 2012
Slow monday!
Etter lang bloggtørke, og nokon travle månader er eg atter ei gang tilbake i blogglandia med ein aldri så liten Løkkaloft oppdatering!
Her ligg eg strak ut med feber og kraftig vårforkjølelse om dagen, men eit aldri så lite kjøkkenbilete skal de få ein regnfull mandag i slutten av april!
Det er tid for varm te, stearinlys og det nyaste Elle decoration.... Satsar på at det skal hjelpe på formen! :)
Her ligg eg strak ut med feber og kraftig vårforkjølelse om dagen, men eit aldri så lite kjøkkenbilete skal de få ein regnfull mandag i slutten av april!
Det er tid for varm te, stearinlys og det nyaste Elle decoration.... Satsar på at det skal hjelpe på formen! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)