søndag 11. mai 2008

Pinsesøndag

Herleg med pinsefri er det....sjølv om denne dama nesten aldri tek seg fri! Eg slit rett opg slett med å klare å slappe av...hmm Ei rastlaus sjel er eg nok! Når eg plutseleg har 2 dagar fri,tek det litt tid å lande....he he!
Det er blitt nokon dagar sidan eg har skrevet no, og grunnen er enkel...eg har hatt så mykje å gjere den siste veka. På butikken er plantesalget i full gang og eg berre elskar denne årstida! Sola varmar alle kroppar i hovudstaden om dagen og mange orkar ikkje heilt å gjere det heilt store, det ser ein i parkane rundt om kring....men folk er så glade og fornøgde, og det er deilig!
På Purpur har me denne veka hatt nokon maleprosjekt av gamle møblar og me har jobba med fotograf og styling til bilder som skal koma på nettsida vår når den blir ferdig!
Fredag styla me ein "liksomhagefest" i parken utanfor butikken....der pynta og dekka me eit langbord, hengte lykter og stoffremser i dei frodige og grønne bjørkene, pynta med masse fargerike blomster som anemoner, erteblomar, marikåpe, hyacintar og roseblader, masse lys og det nydelegast roseporselen....bilda vart veldig fine og eg berre gledar meg til å vise dei på nettsida som snart kjem. Me jentene på Purpur drøymte oss berre heilt vekk saman med fotograf Trine og me alle fabla om å bli fridd til akkuratt nett slik.... Tenk å bli invitert av din kjære ut i parken... der har han pynta eit bord til middag med ringen på innerlomma;) He he....det er lov å draume! I dag har eg kosa meg på takterassen med vatning og blomsterpleie, og livet er godt!! :)

2 kommentarer:

CHÂTEAU DE KONSTANSE sa...

Gleder meg til å se nettsiden deres ferdig:-)
Bildene dere tok hørtes fantastiske ut!

Marigrafen sa...

Hei! Jeg har prøvd å finne fram til nettsiden deres, men i stedet havnet jeg visst her :) Jeg har nemlig et spørsmål.. jeg var innom for en god stund tilbake og da hadde dere et par sånne retro stålamper med flere lampeskjermer bl.a. i lilla/rosa. Har dere fortsatt en slik? Jeg har ikke helt klart å glemme den og vurderer nå sterkt å kjøpe en. :)