mandag 13. september 2010

på heimebane...

Foto: Inger Marie Grini
www.utsnitt.no

Når eg les att butikkdøra for dagen, snur eg meg rundt og tuslar førnøgd gjennom Birkelunden og heim. Der eg ruslar gjennom parken kjem ofte gode tankar om at det er her eg høyrer heime... det er denne bydelen eg kjenner ei tilhøyrigheit i! Denne følelsen er god å kjenne på tenker eg, og eg nikkar til den slitne gamle mannen med bukseselar på benken. Eg ser kjente fjes dag ut og dag inn. Nokon av dei kjenner eg ikkje, men likevel får dei meg til å føle at eg høyrer til her og at me har noko saman... nemleg følelsen av å høyre til!
For meg som kjem frå ei lita trygg vestlandsbygd der alle kjenner alle, er det nett denne tilhøyrigheiten som er god å kjenne på sjølv når ein bur i by. Sjølv om ein ikkje alltid kjenner alle, er alle dei kjente og trygge fjesa med ulike skjebner, ein tryggheit og tilhøyrigheit i seg sjølv.... Den skjønne småbarnsfamilien, jenta i bakgården, den rare kunstnerdama, den gamle mannen i parken, den narkomane fyren utan sko, sintedama med radioen, salmefyren med bleika pannelugg, rullestolpatruljen, engelskmannen og den gamle skjønne nabodama (som forøvrig har budd i den same leilegheita i 69 år)..... Ho må føle seg heime ho!!! :)

Ingen kommentarer: