tirsdag 6. mars 2012

Tysdagblomsterbløtkaker!


Det nyaste nyaste ROM 123 er komen i butikk!
Eg og Inger Marie har ei drivhus/ranunkelsak på trykk.
Løp,kjøp og la deg inspirere av dei sarte, skjønne, digge, feminine
rosa, fluffy ranunkelbløtkakene!


fredag 24. februar 2012

Gul sol, gul fredag!


                                          www.pinterest.com


Ahh... herleg å vakne til sol og fredag!
Etter ei lang veke med mykje stillesitting og skriverier av ulike interiørsaker, skal det bli digg med fri og helg.

No skal eg straks ut å lufte vetet som me seier på vestlandet!
Nyt sola, dagen og friheita...

fredag 17. februar 2012

Ein bunt med mimosa til deg, ein bunt med mimosa til meg...


  
Som eg tidlegare kanskje har nevnt har eg så og seie vakse opp i ein blomsterbutikk heime på vestlandet...
Mimosa er ein av mine favorittar som eg kan hugse frå eg var barn. Kanskje har det med fargen, forma og lukta og gjere.... Og så var den så god å kose med, litt sånn lodden å ta på!
Eller kanskje er det navnet for den del! Uansett, blomstertrendane går igjen dei og, no er mimosaen i vinden att og er like poppis som den var på 80 talet.
MIMOSA... kling det ikkje vakkert?

God helg!

torsdag 16. februar 2012

Gråtorsdag...



                                     www.pinterest.com

Eg berre elskar at ting ser litt tilfeldig og avslappa ut interiørmessig...
Slik som i denne heimen.
Her ser ein at det i bunn ligg ein god og stilsikker smak, men likevel ser ting litt henslengt og tilfeldig ut i ein god mix...

ME LIKE!!!

fredag 3. februar 2012

Fusion...


 Trendforskar Li Edelkort har spådd den nye trenden Fusion velkomen med desse herlege og fargerike
bileta! Dette er ein trend med innslag av både vestleg og austleg kultur og
for ein fargeelskar er dette til å dåne av... eller kva?
Herleg kimono og herlege chrysantemum!

God helg frå Løkkaloftet!

torsdag 26. januar 2012

Skal det vere ei veske?


I forbindelse med Gave og interiørmessa på Lillestrøm i helga, var eg i går på plass for å hjelpe Siri ei venninde av meg med å style standen til det nye varmerket hennar
 SB- Siri Brodersen.
Flinkaste Siri designar dei finaste skinnvesker, pungar, handlenett og klær!
Om du er på messa i helga må du stoppe innom å sjå den finaste standen i hall B, samt dei lekre veskene til Siri!


søndag 22. januar 2012

Søndag=Ranunkelskriveritid

Det er ranunkeltid!
Og her i heimen er det i stor grad Ranunkelsøndag...
Denne dama sit nemleg å strevar med å få ferdig ein ranunkeltekst som skal vere ferdig, klappa og klar i morgon!
Resten av saken, teksten og det heile kan de glede dykk til å sjå i neste nummer av
 ROM 123!