lørdag 31. juli 2010

Colores...

















I jakt på nokon fargerike sommarbilete i dag, kom eg over denne fantastiske multikunstnaren med navn Katarina Pallon. Her er det snakk om dramatisk kolorist på høgt nivå! Desse bileta er henta frå ein bildeserie med inspirasjon frå Marie Antoinette! Eg berre elskar fargane, mønstra, blomane og heile pakka!!!

torsdag 29. juli 2010

Bougainvillea...

Sjølv om regnet høljar ned på austlandet i dag, er minnene om gresk sol og varme friskt i minne!

Det er og følelsen av purpur bougainvillea under fotsålane kvar morgon på den greske balkongen der eg budde!




onsdag 28. juli 2010

Bestemors blomsterkassar

Heime på vestlandet har bestemor bygdas finaste utsikt nede på kaia utover sognefjorden! Sjølv om bestemor vanlegvis ikkje er så veldig flink med å vatne blomar og pleie inneplantene sine, får ho merkeleg nok dei frodigaste verandakassane med petunia kvart år! Sjølvsagt går dei i ton i ton med rosa og lilla fargar og speiglar seg frodigt i fjorden! Det må vere sjølukta som gjer underverker... (som me seier på vestlandet) :)