tirsdag 29. april 2008

Bakgårdssjau...

er det ikkje berre herleg med jord under neglene...? He he, no er våren her! I kveld har me hatt stor vårdugnad i bakgården eg bur i. Me har planta og vaska og no ser den ut som ein koseleg bakgård i Frankrike....(det er å ta litt hardt i, men mykje betre vart den)

Me fekk planta 5 brett med lys rosa pelargonia i gamle mosebelagte urner, pynta med flotte store oliventre og masse nydelege rosetre! No skal det bli kjekt med seine vår og sommarkveldar med kjekke naboar!

Dette er det sosiale med å bu i bygård mitt i byn. På dugnad treff ein naboen over gangen og mange er faktisk interesserte i å skapa eit sosialt forhold men tørr liksom ikkje å ta kontakt i ein travel kvardag. For meg som kjem frå ei lita vestlandsbygd der alle kjenner alle er det berre kjekt når naboen kjem innom med kaffikoppen å slår av ein prat.....det er jo dette eg er vant til!

På butikken er det litt slik...eg har gjennom det å åpne butikk blitt kjent med så mange flotte mennesker. Nokon er faste kundar, og nokon kjem faktisk berre innom for å slå av ein prat.....og dermed går skravla!

No er det kvelden for meg....i morgon ein ny vårdag!

mandag 28. april 2008

mandag...den siste i april!

I dag har det vore ein roleg mandag....starta dagen godt med kontorarbeid! Eit klapp på skuldra til meg!! Fekk inn masse flotte nye uteplanter i butikken i dag. Flotte, vakkre og frodige butterflylavendelar, djup cerisse hortensiar, skjønne lyserosa pelargoniar, dobble nydelige rosetre, burgunder oxalis og masse masse meir....skulle gjerne ha lagt inn eit bilete i dag, men det kjem seinare....kameraet er i ustand:( Åhhh...no e det vår!!!

søndag 27. april 2008

loppesøndag eller hekklesøndag?

Jada, dette var jo det som skulle bli min første blogg...og ikkje infoen om meg sjølv....uffa, er ikkje alltid like teknisk av meg....i dag har det vore den største loppesøndagen i vår, men har ikkje vore på nokon loppisar i dag. Tenkte å benytte ein etterlengta fridag til klesvask og hekkling på lappeteppet eg driv å lagar. Skulle ønske det ikkje tok så lang tid å lage dette teppet....men ting blir desverre ikkje alltid laga på eit blunk. Tepper tar tid folkens!!!
Var innom markedet i Birkelunden ein tur i dag, fekk kjøpt nokon fine lamper men det var det:( Elles så har livet i butikken gått sin gang i dag.....fekk solgt tre dødstøffe gamle Franske industriskap i dag, heldige var dei som kjøpte dei....angrar litt på at eg ikkje kapra dei sjølv...men men...kundane først;)
He he...tenkte eg aldri kom til å bli ein bloggar, men no er eg ein.
Har funnet ut at dette kan vera ein måte å koma i kontakt med andre med same interesser, om kanskje ikkje anna enn utveksle idear og bruke det som eit inspirasjonsrom....
Eg er ei livsglad, energisk, skapande og leikande jente...tja skal me seie dame i min beste alder!
For eit år sidan realiserte eg min store draum om å starte ein livsstilsbutikk på Grunerløkka i Oslo. Eg ønskte at dette skulle bli meir enn ein vanleg butikk som me har så altfor mange av i dette Noregs land, så butikken min Purpur blei mykje av masse! Purpur blei sjappa heitandes, og huser mange sjarmerandes gamle skattar, frodige vakkre og fargerike blomar, noko nytt og noko handlaga.....og sist men ikkje minst, masse levandes lys!
Som dykk kanskje no skjønar, er interessene mine basert på mine hender og auger....kva er skjønnheit når det gjeld estetikk. For meg er gamle, slitte møblar med eit langt liv, og kanskje den styggaste patina det "vakkraste" med mine briller....blomster gir eit rom liv og oss menneska noko vakkert å kvile augene på, for ikkje å snakke om å lukkte på.
Dette er min verden....ta ein tur inn!