søndag 19. juni 2011

På søndagstaket....







Etter å ha hatt årets mest hektiske helg, har eg i ettermiddag nytt søndagen på takterrassen på Løkkaloftet!
Vurderar å sove under åpen himmel i natt, om været held seg...

tirsdag 7. juni 2011

SALG!!!


LØP OG KJØP!!!

                  Starta 50 % avslag på mengder av varer i butikken i går!
Første mann eller dame til mølla... det er masse godbitar til supre prisar!

Spre ordet, alt skal tømmast!

NB! ANDRE ÅPNINGSTIDER UNDER TØMMESALG!
Mandag    13-17
  Tysdag  STENGT 
Onsdag  13-18
Torsdag  13-18
Fredag 13-18
Laurdag 12-17
Søndag 13-17


lørdag 4. juni 2011

Gift eller ei, musikkens dag eller jobb?.

Sjølv om Purpurbutikklivet snart er over, skal eg fortsette med styling og oppdrag på freelance basis.
Dette er noko eg gler meg masse til å få meir tid til!
På denne nydelege sommarlaurdagen, den første i  juni, feirast det musikkfest over heile byn.
Purpurvindauga blafrar i lyden av bass frå herleg musikk i Birkelunden, og parken er full av finfine folk!

Sjølv om eg skulle ønske å nyte folkelivet i parken nett no, må eg heller glede meg over arbeidet med denne fargerike brudebuketten til ei glad brud i dag!
Brudestyling og binderi er noko av det kjekkaste eg gjer, og ser fram til vidare oppdrag...

Kjem og til å jobbe med styling retta mot interiørblader framover, så sjå opp forPurpurstyling på trykk!

Ønsker dykk ei solrik helg...
Gift eller ei, musikknytande eller på jobb!

torsdag 2. juni 2011

På ein fritorsdag skal det...

Lukte peonar...
Vaskast kle...
Teiknast ein benk til takterrassen...
Drikkast god frikaffi...
Og leikast med verdas beste BergensarAnja som er på besøk...

onsdag 1. juni 2011

I Purpurånd...

                 Ein av mine favorittsjapper og fargesjelevenn, er danske !
                 Eg vert i fyr og flamme kvar gang eg ser bilder som dette...