søndag 31. juli 2011

Bio vinsmaking...











På vingården Pagani de Marchi dyrkar dei økologiske Sangiovese, Merlot og Cabernet Sauvignot druer!
Me var så heldig at me fekk koma på privat vinsmaking då me var i Toscana på ferie, og Anne K som var vår norske lokale guide tok oss med til gården for å få ein ny vinopplevelse!
Her hadde me ei hyggeleg stund og me fekk ny erfaring når det gjaldt vin. Desverre importerast ikkje vinen til Norge endå, men STÅ PÅ Anne Karin... Du klarar å importere nordmenn på ferie til Italia, så kvifor skal du ikkje klare å hjelpe dei med å importere fantastisk økovin frå Bibbona til Norge!


For meir informasjon sjekk ut Pagana de Marchi

fredag 22. juli 2011

From Toscana with love....


Posted by Picasa

Ferie i Italia er berre herleg...
Nokon gonger føler eg at dette er min andre heim. Om det er pga av fargar, flora eller temperamentet til Italienarane er ikkje godt å vite, men livet i Toscana nytast fullt og heilt!

Her kjem nokon stemningsbileter til alle dykk der heime!

Chao...

fredag 15. juli 2011

Finaste Ronja!



I dag er eg så heldig å ha fått meg ny macrolinse til kameraet mitt, samt å ha ein finfin fotomodell å få ta bilder av...
Eg har fått vestlandsbesøk, og i morgontidleg reiser me alle på Italiatur i 2 veker!

Både eg og skjønnaste fadderbarnet mitt Ronja gler oss max!
Arrivederci...

torsdag 14. juli 2011

Om å vente...


Posted by Picasa

Skulle ønkse at eg i dag berre slapp å gjere ingenting, men eg må snu nasen mot aust att og ein lang biltur ventar...

Men i bunn og grunn ventar eg...
på at laurdag skal koma, då eg flyr avgårde å vert ei Italiensk Bella!


onsdag 13. juli 2011

tirsdag 12. juli 2011

Gamal sko med ny design...

Familien min har har vore handtverkarar og sydd Aurlandsko i fleire generasjonar. Oldefar min starta å sy på 30 talet, og deretter tok bestefar og onkel over bedrifta. For nokre år sidan solgte familien bedrifta til kommunen, og dei har bygd ut fabrikken til museum. I år har Aurlandskoen vakna i ny design, og ein kan no få tak i skoen i knallfargar som lilla, rosa, raude, orange og blå semska skinn! Eg har ikkje hatt Aurlandsko på mange år, men hugsar stolt første paret eg fekk då bestefar spesialsydde små Aurlandsko til meg då eg var lita. Litt av den same gleda fekk eg i går då eg fekk mine spesialsydde lilla sko for mine høgrista bein... sjå kor fine dei vart!

Sjekk ut Aurlandskoen på  facebook eller her!