onsdag 14. oktober 2009

Haustdagar heime i vakre sogn..











Då me har vore nokon dagar heime i vakre Aurland denne veka, må eg jo legge ut nokon stemningsbilder! Nydeleg vær har me hatt, og den skjønne bygda har vist seg frå si flottaste side!

Haustbrud...





Me hadde ein ordre på eit haustbryllup før helga og slik vart brudebuketten!

Det er så mange flotte fargar å velge i mellom no på seinhausten,
og dessutan kjekt å bruke både strå og bær i bukettar for å understreke årstida.


I denne brudebuketten er det brukt :

Dahlia

Hortensia

Viburnumbær

Greinroser

Roser (blue coriosa)

Heavy Metal strå