fredag 28. januar 2011

God helg!

                                                      www.flickr.com



                       God helg til alle skjønne bloggarar!

onsdag 26. januar 2011

Du er ein knupp!



Då eg kom inn butikkdøra etter nokon dagar som influensafrøken, møtte dei nydelege magnoliagreinene i butikken meg med eit velkomen tilbake!
Der stod dei i full knupp....


tirsdag 25. januar 2011

mandag 24. januar 2011

Mandagsmuffins...

Alt som er ulovleg etter helga burde smake godt på ein mandag.... MEN DOG :(
Vakna opp til feber og kvalme, usj...
Ikkje ei gang restemuffins frå familieslaberas i går er fristande på ein kjip influensamandag som dette....

I dag går det i kokt vatn og ingefær på butikkdama....

lørdag 22. januar 2011

Løkkas tak i morgondis...

                       Med utsikt ut kjøkkenglaset mitt, ønsker eg dykk ein herleg laurdag!
                       No skal "bestyrerinna" rusle gjennom parken og åpne Purpurbutikken ...

torsdag 20. januar 2011

onsdag 19. januar 2011

Her vil eg bygge og her vil eg bu....








 


Veit ikkje om det trengs så mykkje bygging her, men mest av alt kunne eg absolutt ha flytta rett inn og busatt meg her!

Eg vil og takke alle for supre kommentarar på giveawayen vår, det gledar meg at så mange vil vere med i trekninga!

fredag 14. januar 2011

PURPURGIVEAWAY!

Det er på tide med ein liten Purpurgiveaway som det så fint heiter! 

Me ønsker oss så gjerne fleire fine Purpurtanter og onklar til å følge bloggen vår! I denne anledningen vert det som følger 3 ulike gåver som de kan sjå bilder av nedanfor!

Reglane er som de alle kjenner....

1 Purpurlodd til den som legg att ein kommentar på innlegget
2 Purpurlodd til den som legg att kommentar og linkar til Purpurgiveawayen
3 Purpurlodd til den som legg att kommentar, linkar og som legg seg til som fast lesar

NB! Og eit lite ekstra Purpurlykkelodd vert det til dei som i tillegg legg seg til som venn på Facebookprofilen vår!!!

Vinnarane vert trekte 01.februar


Purpurgåve 1: 2 nydelege italienske marmorfliser
Purpurgåve 2: Deilig hanstrikka alpakka sjal
Purpurgåve 3: 1 godluktande økologisk, handlaga og finfint duftlys med eteriske oljer

tirsdag 11. januar 2011

Tysdag...

                     Nokon gonger synest eg tysdagar er kjipe dagar....
     Er litt slik i dag... Då må ein snu humøret den andre vegen med å piffe seg opp    
                            med bilder av finfine ting som det her!

                       NB! Finn desverre ikkje att adressa til biletet :(

mandag 10. januar 2011

Mandagmorgonprinsesse...

                                                          Foto: Pia Ulin

                     Giid eg var ei "mandagsmorgonprinsesse" som dette.....
                    Elskar kontrastane med det kraftfulle raude og
                          tomheita lyset og uttrykket skapar!
                                   

onsdag 5. januar 2011

Happy New Year by Haddy N'jie

Inspirerande "snøkaosinnestylingfotodag" hjå herlege Hanne Tharaldsen...



                                            www.hannetharaldsen.no


Med desse bileta av kunstnaren Hanne Tharaldsen ønsker eg alle blogglesarar eit fargerikt og godt nytt år!
I dag har eg, fotofrøken Inger Marie www.utsnitt.no, og vetle Mari (6mnd) hatt fargepåfyll gjennom ein herleg og effektiv fotostylingdag heime hjå Hanne. Resultatet kjem på trykk seinare, og kanskje får de nokon bilder på bloggen etterkvart!
Blid og fornøgd rusla eg heim med eit fotoprint under armen, eg måtte ha med meg ein bit av Hanne heim!
Sjekk ut bileta hennar på heimesida.