søndag 11. mai 2008

Pinsesøndag

Herleg med pinsefri er det....sjølv om denne dama nesten aldri tek seg fri! Eg slit rett opg slett med å klare å slappe av...hmm Ei rastlaus sjel er eg nok! Når eg plutseleg har 2 dagar fri,tek det litt tid å lande....he he!
Det er blitt nokon dagar sidan eg har skrevet no, og grunnen er enkel...eg har hatt så mykje å gjere den siste veka. På butikken er plantesalget i full gang og eg berre elskar denne årstida! Sola varmar alle kroppar i hovudstaden om dagen og mange orkar ikkje heilt å gjere det heilt store, det ser ein i parkane rundt om kring....men folk er så glade og fornøgde, og det er deilig!
På Purpur har me denne veka hatt nokon maleprosjekt av gamle møblar og me har jobba med fotograf og styling til bilder som skal koma på nettsida vår når den blir ferdig!
Fredag styla me ein "liksomhagefest" i parken utanfor butikken....der pynta og dekka me eit langbord, hengte lykter og stoffremser i dei frodige og grønne bjørkene, pynta med masse fargerike blomster som anemoner, erteblomar, marikåpe, hyacintar og roseblader, masse lys og det nydelegast roseporselen....bilda vart veldig fine og eg berre gledar meg til å vise dei på nettsida som snart kjem. Me jentene på Purpur drøymte oss berre heilt vekk saman med fotograf Trine og me alle fabla om å bli fridd til akkuratt nett slik.... Tenk å bli invitert av din kjære ut i parken... der har han pynta eit bord til middag med ringen på innerlomma;) He he....det er lov å draume! I dag har eg kosa meg på takterassen med vatning og blomsterpleie, og livet er godt!! :)

fredag 2. mai 2008

morgenstund har gull i munn...




Dette er eit bryllup eg pynta på bygdøy i fjor sommar! Lokalet var heilt nede ved fjorden, og temaet blått! 75 gjestar!!!




Her ser ein
hagetrenden!










og det er sant.... i mine auger:)







Nokon har fri på 1.mai, andre ikkje. Eg har ei brud som skal gifte seg i dag. Så eg måtte stå å lage brudebukett, 6 store kransar til kirka, 3 cosaqe og hårpynt i går. Det gjekk fint det. Deilig å stå å arbeide i fred og ro når butikken er stengt! Eg blei fornøgd tilslutt og håpar endeleg bruda og blir fornøgd! :) Eg legg inn nokon bilder frå brudesesongen i fjor.... som dykk ser på den eine buketten er det hagebukettar som nesten berre er plukka saman som er det mest trendye på bukettfronten no om dagen....det skal netsen sjå ut som dei har plukka den sjølv. Men akk, det er dei bukettane som skal sjå tilfeldige ut som er dei vanskelegaste å binde.
Denne helga er den første markedshelga på grynerløkka og då blir det nok litt meir travelt på butikken. No er det jo og komfirmasjonstider, så me har litt å halde fingrane i om dagen!


I dag får eg besøk av min bror og sambuar frå vestlandet....det blir stas!
Eg fekk forresten nokon nye "gamle" industrimøblar frå Frankrike på onsdag. Ein kjempe kul skjenk med masse nummererte skuffer i, eit nytt stålarkivskap, ei dødsrøff industritralle på hjul og med glassplate under (rusta som berre det...). Nydeleg aquagrønn farge var den!!! Åhhh, skulle gjerne hatt det fotokameraet i orden....men lovar at det kjem bilder av møblane seinare!

No må regnet slutte....eg vil ha sol!