lørdag 28. april 2012

Inspirasjonsjeger


Å vere forlovar til barndomsvenninda si er ingen enkel sak. Det er mykje som skal planleggast, haldast orden på og ikkje minst er det ein viktig tale som skal skrivast.
 I tillegg skal eg ha ansvar for det estetiske og pynt av heile bryllupet og det er heller ingen enkel sak når ein så gjerne vil gjere det beste ein kan og lage eit nydeleg og vakkert bryllup for nokon ein er veldig, veldig glad i.
Trudde dette skulle gå som ein dans på roser(bokstaveleg talt), for har jo god erfaring med bryllupsstyling, men no sit eg her .... desperat etter å finne det vakraste av det vakre og leitar desperat etter inspirasjon og å finne opp kruttet! 
Klarar berre ikkje å bestemme meg for kva som vert finast på den store dagen til mi kjære venninde! 

Men ein ting er sikkert, det kjem til å bli ein rørande natursermoni og ho vert den vakraste bruda i manns minne og indre sogn!





torsdag 26. april 2012

Green harmony...

Påska i år feira eg saman med gode vennar i Berlin . Her var me så heldige å få bu i ei nydeleg gamal leilegheit i aust Berlin.
Det eine soverommet var innreda i grøne tonar med orginal retro tapet på veggen.
Morgonlyset på dette soverommet var berre nydeleg....

mandag 23. april 2012

Slow monday!

Etter lang bloggtørke, og nokon travle månader er eg atter ei gang tilbake i blogglandia med ein aldri så liten Løkkaloft oppdatering!
Her ligg eg strak ut med feber og kraftig vårforkjølelse om dagen, men eit aldri så lite kjøkkenbilete skal de få ein regnfull mandag i slutten av april!
Det er tid for varm te, stearinlys og det nyaste Elle decoration.... Satsar på at det skal hjelpe på formen! :)