mandag 9. august 2010

Marihønelufting og ripsslang...




På marihønelufting i sommarkvelden har eg teke med teppet og boka mi ut på ripsslang....
Gode, og litt sure var dei!


fredag 6. august 2010

Åshildpresang!


Det skal ikkje så mykje til for å gjere eit purpurhjerte glad....
Venninda mi Åshild kom i går med eit lite glas heimelaga bringebærsylte og ein pakke tørka roseknoppar frå utanlandstur.
Nyrørt bringebærsylte er det beste eg veit :)

onsdag 4. august 2010

Med prikkar og vest blir det fest!



Som vestedame og prikkeguri falt eg pladask over nokon skjønne vatterte 70-tals vestar eg kom over her om dagen! Til salgs på purpur klesstativet til 450,-

lørdag 31. juli 2010

Colores...

















I jakt på nokon fargerike sommarbilete i dag, kom eg over denne fantastiske multikunstnaren med navn Katarina Pallon. Her er det snakk om dramatisk kolorist på høgt nivå! Desse bileta er henta frå ein bildeserie med inspirasjon frå Marie Antoinette! Eg berre elskar fargane, mønstra, blomane og heile pakka!!!

torsdag 29. juli 2010

Bougainvillea...

Sjølv om regnet høljar ned på austlandet i dag, er minnene om gresk sol og varme friskt i minne!

Det er og følelsen av purpur bougainvillea under fotsålane kvar morgon på den greske balkongen der eg budde!




onsdag 28. juli 2010

Bestemors blomsterkassar

Heime på vestlandet har bestemor bygdas finaste utsikt nede på kaia utover sognefjorden! Sjølv om bestemor vanlegvis ikkje er så veldig flink med å vatne blomar og pleie inneplantene sine, får ho merkeleg nok dei frodigaste verandakassane med petunia kvart år! Sjølvsagt går dei i ton i ton med rosa og lilla fargar og speiglar seg frodigt i fjorden! Det må vere sjølukta som gjer underverker... (som me seier på vestlandet) :)

tirsdag 27. juli 2010