lørdag 20. august 2011

Smykkefin i ein fei...


Eg er nett som askeladden. Plukkar det eg finn av skattar i både veggrøfter, parkar, langs elvekanten, i fjæra, skogen osv.
Løkkafjærer finnest det mange av, frå byens byfuglar...
Denne Løkkafjæra vart vaska, føna og stæsja slik at eg vidare kan pynte meg med den!
Eit nytt Løkkasmykke vart til, og fleire skal det bli!

tirsdag 16. august 2011

Lopper i blodet...


 Uff, klarar ikkje heilt å la vere å handle lopper når eg kjem over finfine ting, og vanskeleg er det når ein kjem over gjøymde bruktbutikkar på landet med supre saker!
I desse dagar har eg hatt tidenes fotostylingjobbeveke heime på vestlandet.
Har truffet flotte, supre vestlandsdamer med inspirerandes heimar i fleng!
Åhh, eg gler meg slik til å få sakene på trykk, gled dykk!

torsdag 11. august 2011

Hytte til salgs!

Nokon i familien har ei koseleg og sjarmerande hytte til salgs  i Valdres på Golsfjellet!
Her er eit lite utvalg av bileter med litt Purpurstyling!
Hytta kjem snart til salg på finn!
Ta kontakt om de ønsker informasjon!

mandag 8. august 2011

Tid for gult!


I helga hadde eg 2 Purpurbrudeoppdrag. Den eine bruda var veldig glad i gult og ville så gjerne ha gul bukett og gule blomar som tema i bryllupet!
Ny utfordring for meg, men med litt aprikos vri vart det ikkje så verst likevel!

søndag 7. august 2011

Regnsøndag...



På Løkkaloftet er det tid for:

Søndagskos...
 Tedrikking...
                      Syprosjekt.. (Ei ny løkkaloftpute er avbilda på bilda over)
                 Planting av villvin på løkkaloftsterrassen...(ja me trossar regnet, litt våt jord under neglene er berre sunt)
Digg musikk på høgtalaren...
  OG litt slaraffensliv alt ettersom... (Søndagar er jo til for å nytast)

lørdag 6. august 2011

I det sola går ned...


                                        Det er kveld.
                                        Eg vil fange lyset...

fredag 5. august 2011

På ein regnvåt fredag i august...

Vil eg gjerne ha slike bileter på netthinna...
Ein av mine "sjåopptilfotodamer" har lagt ut nye bilder på heimesida si...