søndag 22. januar 2012
fredag 20. januar 2012
Jobbejobbejobbedama & the king!
Denne veka har bydd på mange spennande jobboppdrag og fine menneskemøter!
Og så har eg vore så heldig å få fotografere sjølvaste kongen av alle!
Eg og Trine Thorsen var heime hjå kunstnaren Gro Mukta å fotograferte den fargerike leilegheita hennar på Lilleborg. Der vart me møtt av sjølvaste Elvis på kjøkkenveggen!
Nydelege fargar og eit blikkfang som finn vegen rett til hjartet!
Sukk, den som hadde vore så heldig å hatt dette bildet på veggen...
Gled dykk til å sjå vakre Gro og leilegheita kome på trykk!
I dag har eg hatt sjølvaste NIBfrøknene på besøk på Løkkaloftet.
Takk for hyggeleg besøk damer, kom gjerne igjen på Løkkautflukt og te på furukjøkkenet!
onsdag 18. januar 2012
Hyacinth i januarsol!
Fotograf Inger Marie Grini og eg har atter ei gong hatt ein herleg og inspirerande arbeidsdag ute i det fri!
Denne nydelege og kalde januartysdagen har me jobba langs Akerselva nermare bestemt Frysja!
I dag var lyset heilt magisk og det blinka i snøkrysstallar på tre, greiner og i snøen...
Frosten stod opp som tåke over Akerselva og to fornøgde frøkner (som forøvrig var meget godt kledd for anledningen), var like fornøgde om ikkje meir då dei etter ein lang og kald arbeidsdag sette punktum for svibelsesongen i år...
Gled deg til resultatet, eg kjem nermare tilbake til kvar og når!
I mellomtiden kan du glede deg over "snapshotsa" mine frå Iphonen...
fredag 13. januar 2012
torsdag 12. januar 2012
onsdag 11. januar 2012
Januarpalett...
Vakna opp til herleg januarsol og lukta av nytrekt kaffi i dag...
Her er det skriverier på ein deadline som skal inn i slutten av veka!
Litt rart å sitte å skrive vårsaker midt på vinterstid, men litt fint er det og å kunne jobbe med noko som får deg til å tenke framover og glede seg til lysare tider!
I dag er det januarfargar i heimen i dus palett...
søndag 8. januar 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)







