onsdag 14. oktober 2009

Haustdagar heime i vakre sogn..











Då me har vore nokon dagar heime i vakre Aurland denne veka, må eg jo legge ut nokon stemningsbilder! Nydeleg vær har me hatt, og den skjønne bygda har vist seg frå si flottaste side!

Haustbrud...





Me hadde ein ordre på eit haustbryllup før helga og slik vart brudebuketten!

Det er så mange flotte fargar å velge i mellom no på seinhausten,
og dessutan kjekt å bruke både strå og bær i bukettar for å understreke årstida.


I denne brudebuketten er det brukt :

Dahlia

Hortensia

Viburnumbær

Greinroser

Roser (blue coriosa)

Heavy Metal strå




mandag 28. september 2009

og endå ei...







Då vart det sydd endå ei pute i dag...denne også i retrostoff og andre indiske saristoff! Bestyrerinna held også på med nokon hekla lappetepper om dagen,


er endå ikkje heilt ferdige men de kan få ein liten smakebit her....


Alt er til salgs i butikken når det er ferdig! :)

torsdag 24. september 2009

Puter og atter puter...

Fekk sydilla over meg seint i gårkveld...Var på heile 9 loppis forrige helg og fekk tak i masse kule retro 70 tals stoff! Så desse vert å sjå i herlege putemiks i butikken etterkvart! Quilta pute til venstre er frå Rie Elise Larsen, ein av mine favorittleverandørar. No ventar me inn nye puter og sengetepper frå ho om nokon få veker! Dei 2 andre putene er redesign av 70 tals retrostoff og indisk saristoff.










onsdag 23. september 2009

Nokon bilder til!

No er det tid for å plante nydelege løkar!!!






Slipte krystalglas kan brukast sjølv om det er hakk i dei...

Handlaga lykter frå Purpur gir god stemning!

Nydelege småblomstrete phaelanopsis orkidear!




Frøken Georgine er på plass!









Litt nye bilder frå Purpurverda!

No er hausten her! Denne tida er me og veldig glade i på Purpur....me er vel i grunn glade i alle årstider når eg tenker meg om. Slik er det når ein jobbar med sesongvarer. Kvar sesong bringer nokon flotte blomster og nydelege fargar fram! Her er nokon nye bilder de kan kose dykk med, og kom gjerne innom butikken for eit besøk og litt hauststemning!


Me har mange flotte trearma retrolamper inne no.... MEN, løp og kjøp....dei
ekstremt ettertrakta og vanskelege å få tak i etterkvart



Dei Italienske håntrykkte marmorflisane vår er veldig populære!
Heimelaga hårbøylar av bestyrerinna på Purpur!


Åhh...me likar!!!

Stemningsrapport!

Snøbær! Hugsar de dei frå de var små? Eg elska å hoppe på desse bæra! Dei laga så kul lyd når dei vart tråkka på!



Georginer er noko av det finaste bestyrerinna veit om på denne tida av året!



































torsdag 14. mai 2009

Verdens dårlegaste bloggar...

he he...
Eg må nesten le litt av meg sjølv...
Trur eg må vere verdast dårlegaste bloggar....klarte å skrive eit par gonger og så vart det brått slutt.

I går kom det ei hyggeleg dame inn på Purpur å spurte meg om eg blogga fortsatt?
oii tenkte eg då...den bloggen min har eg vel ikkje nett pleia så godt.

På Purpur går det i full rulle om dagen... utesesongen er starta og me har masse flotte uteplanter på gateplan for å friste kundane:)
Me vert jo litt frista sjølve og, så bestyrerinna som alle kallar meg, måtte plante nokon flotte dobble clematis, nydelege lilla Salvie og butterfly lavendel i går.
Håpar berre været held seg, og at snøen på 17 mai i fjor ikkje gjentek seg.

Elles har me fått inn fleire nydelege italienske marmorfliser med fantastiske handtrykte motiv... dei er verdt eit besøk! :)

PS!!! Me har satt ned prisar på ein rekke gamle antikke møblar, så ein kan gjere eit kupp om dagen!