søndag 16. mai 2010

hageinspirasjon...






















I vente på sommaren og varmare tider, gledar eg meg over desse fine hagebilda eg har funnet...
Ute er det småregn og lummert, og det er best å halde seg under pleddet i sofaen. Eg har pynta med kvite peonar til 17 mai i morgon, og kosar meg med stearinlys på bordet...
Ein god kveld til deg!






søndag 9. mai 2010

Nytt eller gamalt, blonder eller tyll...



uansett... i desse dagar dukkar alle sesongens bruder fram...
Nokon med sterke meiningar og ønsker og nokon med friare tøylar rundt den "store"dagen.
Alle er dei herlege på kvar sin måte...
Fredag ettermiddag dukka ei avslappa brud opp og ville ha ein brudebukett til morgonen etter.
Eg jubla stille inni meg...slike avslappa bruder er det finaste eg veit! :)






søndag 2. mai 2010

Ein og to og tre indianarar...






fire, fem og seks indianarar.
Sju og åtte og ni indianarar, ti indianarar små...
Her kjem endå nokon loppekupp frå "loppedronninga". Nokon skjønne indianarar måtte ta følge med heim....
Bestyrerinna trossa både vær og vind på sjølvaste 1 mai for å få med seg to loppemarked på fridagen. Nokon skjønne prikkete kleshengarar, ei brodert pute, endå litt retrostoff, skjønne rammer, ein fin hekla duk og litt til vart og med!
Dessutan trakk ho om seta på nokon gamle kjenningar som har stått nedstøva i boden i nokon år. Desse stolane fekk ho av bestemor si då ho skulle flytte i eiga leilegheit for første gong. Stolane hadde ho sett seg ut på det som ein gong var "Bislet Bruktmarked".
No står dei i ny prakt rundt spisebordet!
I dag trakk eg meg ein mugge med kvit kinesisk kunst te til frukost, denne teen er håndknytta saman med sjasmin og chrysanthemum og opnar seg som små kunstverk i det varme vatnet....
Teen er ein fryd for auget og sunn for sjela...
Fortsatt god søndagskveld!






mandag 26. april 2010

Mandag, den siste i april....











Ei ny innholdsrik loppehelg er over. Sliten i både hovud og bein, men er klar for ei ny veke!
Her kjem bilder av nokon av helgas kupp og nokon frå forrige helgs kupp!
Fekk tak i 3 slike fine globusar på ulike auksjonar forrige helg, og er strålande fornøgd med det :)
I dag er det mandag og ny veke, om nokon timar skal bestyrerinna ut på noko ho aldri har gjort før... Slike utfordringar likar eg!
Fredag vart eg ringt opp av ei dame som ville ha meg på stemmeprøve. Nokon hadde tipsa om bestyrerinna si Sognedialekt... he he. Visste ikkje om eg skulle grine eller le, men eg skal ihvertfall på stemmeprøve for ein ny reklame om nokon få timar!
Spennande og kjekt!


fredag 23. april 2010

peach weekend...






Ei ny loppishelg er rundt svingen, og eg gler meg! :)
For dykk som ventar på bilder frå forrige helgs loppiskupp, er dei rundt svingen... Eg har vore kameralaus nokon dagar:(
Ynskjer dykk alle ei riktig god helg med ferskenfarga tonar i kunst frå Pia Villefrance og blomar, og ynskjer meg snart litt varmare vær så eg kan starte plantinga på terrassen! Magnoliatreet mitt har verdens minste knuppar endå, men eg er så uendeleg glad for at det
overlevde den kalde vinteren!
PS: Følg med, Purpur har 3 års dag i desse dagar... me skal feire med "BURSDAGSBASAR" på bloggen!!!



onsdag 21. april 2010

VØLT


















For dykk som har vore kundar i butikken sidan me åpna for tre år sidan, har de kanskje lagt merke til dei vølte barnekleda i naturmaterialer og strieputene eg har hatt. Frua bak desse flotte redesign varene er skjønne Heidi Bjørnsdotter. Eg er så glad i dei fine tinga ho lagar i lin, bomull og ull.
Sjekk ut den fine heimesida hennar her www.vølt.no

lørdag 17. april 2010

Dagens fangst...



Puhh... vel heime etter dagens loppisstafett, er bestyrerinna godt fornøgd med supre kupp!
Trur me har vore på 7 loppis i løpet av dagen, og eg har funnet fleire skattar på auksjon og elles...
Her kjem nokon av stoffskattane og teppedynene eg kapra i dag, i morgon kjem fleire bilder av møblar, og andre kupp me har gjort!
Ha ein god laurdagskveld, no skal det sittast med beina høgt! :)