lørdag 31. juli 2010

Colores...

















I jakt på nokon fargerike sommarbilete i dag, kom eg over denne fantastiske multikunstnaren med navn Katarina Pallon. Her er det snakk om dramatisk kolorist på høgt nivå! Desse bileta er henta frå ein bildeserie med inspirasjon frå Marie Antoinette! Eg berre elskar fargane, mønstra, blomane og heile pakka!!!

torsdag 29. juli 2010

Bougainvillea...

Sjølv om regnet høljar ned på austlandet i dag, er minnene om gresk sol og varme friskt i minne!

Det er og følelsen av purpur bougainvillea under fotsålane kvar morgon på den greske balkongen der eg budde!




onsdag 28. juli 2010

Bestemors blomsterkassar

Heime på vestlandet har bestemor bygdas finaste utsikt nede på kaia utover sognefjorden! Sjølv om bestemor vanlegvis ikkje er så veldig flink med å vatne blomar og pleie inneplantene sine, får ho merkeleg nok dei frodigaste verandakassane med petunia kvart år! Sjølvsagt går dei i ton i ton med rosa og lilla fargar og speiglar seg frodigt i fjorden! Det må vere sjølukta som gjer underverker... (som me seier på vestlandet) :)

tirsdag 27. juli 2010

søndag 27. juni 2010

Gul som sola!

Foto: Inger Marie Grini - http://www.utsnitt.no/
Styling: Purpur



Like gul som sola er denne ferskpressa appelsinjuicen... Det er viktig å få i seg nok drikke i desse varme junidagar!
Eg beklagar verkeleg bloggpause frå mi side den siste månaden. Det har vore mykje å gjere og lite tid for bloggkos. Lovar å koma sterkare attende!
I mellomtiden håpar eg alle skjønne bloggdamer der ute har det fint i sommarvarmen og at de nyt den fine tida!

søndag 16. mai 2010

hageinspirasjon...






















I vente på sommaren og varmare tider, gledar eg meg over desse fine hagebilda eg har funnet...
Ute er det småregn og lummert, og det er best å halde seg under pleddet i sofaen. Eg har pynta med kvite peonar til 17 mai i morgon, og kosar meg med stearinlys på bordet...
Ein god kveld til deg!






søndag 9. mai 2010

Nytt eller gamalt, blonder eller tyll...



uansett... i desse dagar dukkar alle sesongens bruder fram...
Nokon med sterke meiningar og ønsker og nokon med friare tøylar rundt den "store"dagen.
Alle er dei herlege på kvar sin måte...
Fredag ettermiddag dukka ei avslappa brud opp og ville ha ein brudebukett til morgonen etter.
Eg jubla stille inni meg...slike avslappa bruder er det finaste eg veit! :)