fredag 13. august 2010

Hortensia tilbud!

Foto: Inger Marie Grini- www.utsnitt.no

HELGETILBUD PÅ HORTENSIA I BUNT!!!
3 nydelege langstilka blålilla hortensia i snitt

NÅ 175,-



onsdag 11. august 2010

På "Prøvedukke Anna"...


Det går ikkje berre i rosa og lilla på Purpur, slik at det er sagt:) Her vil eg syne dykk eit gamalt og nydeleg brokade skjørt i silke. Sjå dei nydelegaste grønblå nyansane og det herlege mønsteret. For anledningen har me gjort det om til ein kjole på "Prøvedukke Anna".
På seinsommaren/tidleg haust er hortensiaen på sitt nydelegaste synest eg, slik som den svake lillablå pottehortensiaen eller den knæsj lillablå i snitt!









mandag 9. august 2010

Marihønelufting og ripsslang...




På marihønelufting i sommarkvelden har eg teke med teppet og boka mi ut på ripsslang....
Gode, og litt sure var dei!


fredag 6. august 2010

Åshildpresang!


Det skal ikkje så mykje til for å gjere eit purpurhjerte glad....
Venninda mi Åshild kom i går med eit lite glas heimelaga bringebærsylte og ein pakke tørka roseknoppar frå utanlandstur.
Nyrørt bringebærsylte er det beste eg veit :)

onsdag 4. august 2010

Med prikkar og vest blir det fest!



Som vestedame og prikkeguri falt eg pladask over nokon skjønne vatterte 70-tals vestar eg kom over her om dagen! Til salgs på purpur klesstativet til 450,-

lørdag 31. juli 2010

Colores...

















I jakt på nokon fargerike sommarbilete i dag, kom eg over denne fantastiske multikunstnaren med navn Katarina Pallon. Her er det snakk om dramatisk kolorist på høgt nivå! Desse bileta er henta frå ein bildeserie med inspirasjon frå Marie Antoinette! Eg berre elskar fargane, mønstra, blomane og heile pakka!!!

torsdag 29. juli 2010

Bougainvillea...

Sjølv om regnet høljar ned på austlandet i dag, er minnene om gresk sol og varme friskt i minne!

Det er og følelsen av purpur bougainvillea under fotsålane kvar morgon på den greske balkongen der eg budde!