onsdag 3. februar 2010

Det snør det snør...





I denne snøande februar stund, er det viktig å ha noko kjekt å kvile augene på...


I forrige veke fekk me nokon nydeleg iris inn i butikken. Det fine med å jobbe med blomar er at det plutseleg rett over jul vert ei ny årstid i blomeverda. Når ein får blomar frå Holland slik me gjer, er dyrkinga tidlegar ute enn me nordmenn er vante med i naturen. Rett over jul kjem då altså nye friske vårplanter (løkplanter), greiner som ilex (gåsungar, kirsebær, magnolianosv...) Skal legge ut nokon fine bilder av magnoliagreinene når knuppane har sprunget.


Og så kom denne nydelege irisen då... Det er berre så vakkert å følge prosessen frå knupp til full blomst!

Ingen kommentarer: