søndag 7. februar 2010

Innkjøpstur!











Denne helga har eg og min kjære vore ein kjapp tur på innkjøp og litt kos i deilige Danmark.
Etter intensiv skattejakt og jobb på Formland, vart det eit velfortjent døgn med hygge i skjønne Århus.
Me elskar det økologiske hotellet Guldsmeden http://www.hotelguldsmeden.dk/home/ og dette besøket var intet unntak med ei natt der! Heile laurdag traska me gatelangs i Århus og fekk tak i nokon skattar i dei ulike bruktsjappene me var innom. Dumpa og over den sjarmerande barneklesbutikken http://www.krutter.dk/home/ Her har dei noko retro, noko heimestrikka og noko nytt i alle regnbuens fargar! Måtte berre vise dykk link til denne! Dumt eg ikkje tok nokon bilder inne i butikken, for heimesida synest eg ikkje heilt speigla det kule uttrykket til butikken. Den må opplevast! Sjølv om eg ikkje har barn endå, måtte det berre med nokon barneklær heim i kofferten! :)

Ingen kommentarer: