tirsdag 2. august 2011

Eg ELSKAR byen min....



Å koma heim frå Italiaferie til ein by og eit land i stor sorg har ikkje berre vore enkelt...
Alt var så uverkeleg når ein ikkje hadde fått det så tett inn på kroppen slik som alle her heime.
Eg fekk derimot ikkje ro på meg før eg var nede å la på mine tre lilla Memory Lane roser forran Domkyrkja, og fekk grete nokon tårer. Sjokket var stort då eg verkeleg såg omfanget av det som hadde skjedd for litt over ei veke sidan.
På vegen fann eg denne fine lappen, og ein bukett i eit gamalt julekrus.
Noko så enkelt vart sagt så vakkert.....

Så hugs alle saman, ELSK, ELSK, ELSK!

Ingen kommentarer: