Fredag hadde me vinterbrud på Purpur. Me kosa oss med brudebukettlaging, hårpynt, armbånd, og cosaqe. Buketten skulle gå i kalde, klare lilla tonar med eit lite snev av varme ranunklar. Bilda ser de her... ( har og lagt ut nokon skjønne bilder av vinterbruder...er dei ikkje vakre?)
Etter "brudebukettkos" fredag, bar det avgårde til Danmark igjen på innkjøp, denne helga med gamle varer i sikte! Å drive butikk er ikkje latmannsliv, så tur/retur danmark i eit forferdeleg drittvær tok på denne helga. MEN... eg er veldig glad for dei nye flotte varene eg har kapra, så den sorgen vart fort gløymt i dag då eg kom heim. :) Eg har fått tak i nydelege gamle plansjar, kule industrilamper, gamle kassar med print, fleire retrotapetar, masse flotte gamle rammer, ei dødskul tørrvarehylle i mørk teak, fleire fine 70 tals skinnvesker ( her er det fleire som står på venteliste for desse, så førstemann til mølla).
Lovar dykk å legge ut bilder av dei nye funna i løpet av veka...
Til den tid... på gjensyn, og ha ein fortreffeleg søndagskveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar