



I dag er det kontordag hjå meg. Er eigentleg litt sky for papirarbeid, men det må desverre til for å halde hjula i gang...
Ventar spent på nye varer om dagen, og må friste dykk med nokon bilder av fine puter og lampeskjermar frå favorittleverandøren min Rie Elise!
Masse fine bånd frå Housedoctor ventar me og på, samt nye flotte puter, sengetepper, vasar, lys, potter og anna knask...
I mellom kraftak i papirhaugen må eg og kose meg med litt hekletøy og te i dag, heklar på eit laaaangt tynt skjerf til å kaste mange ganger rundt halsen! :)
Ha ein strålande mandag godt folk!



















