mandag 15. februar 2010

Heimekontor/heimekos....



I dag er det kontordag hjå meg. Er eigentleg litt sky for papirarbeid, men det må desverre til for å halde hjula i gang...
Ventar spent på nye varer om dagen, og må friste dykk med nokon bilder av fine puter og lampeskjermar frå favorittleverandøren min Rie Elise!
Masse fine bånd frå Housedoctor ventar me og på, samt nye flotte puter, sengetepper, vasar, lys, potter og anna knask...
I mellom kraftak i papirhaugen må eg og kose meg med litt hekletøy og te i dag, heklar på eit laaaangt tynt skjerf til å kaste mange ganger rundt halsen! :)
Ha ein strålande mandag godt folk!







søndag 14. februar 2010

Kos, kjærleik, mas og fjas...



Puhh.... veit ikkje om eg kan skrive at eg er glad denne helga er over, men bestyrerinna er ihvertfall godt fornøgd med helgas innsats på Purpur!
Kven i all verden er det som har funnet på å smekke alle vårens merkedagar saman på ein dag? For oss i min bransje tok det litt av denne helga kan ein seie :)

MEN...Så lenge det er positivt stress, elskar eg å vere "i farta"!
Det vart og eit lite besøk i kjellaren til den hemmelege "lampeskjermdama" på laurdag etter butikktid, og nokon nydeleg skjermar vart det med i bilen heim! :)
Lampetårna viste seg stolte fram til skuelystne besøkarar i butikken i dag.

På Løkka i dag var det som om alle hadde teke turen ut i sola.... Dette var herleg å sjå, og eit sikkert teikn på at våren er i sikte!

torsdag 11. februar 2010

Bestyrerinna sine små gleder....




Då bestyrerinna entra butikkdøra i dagtidleg, kjente ho ei sann glede spre seg i hjartet. Magnoliagreinene hadde over natta begynt å åpne seg!
Dette måtte ho berre dele med dykk der ute....

Desverre varte gleden ikkje lenge, for nokon få timar etterpå var vasen med dei vakre greinene tom... :(

Ho rakk heldigvis å ta nokon foto av dei, og håpar på å skaffe fleire frå Holland i morgon!

Nokon skjønne frittelaria ville gjerne vere fotomodellar i dag og. Dei stod der så flotte og elegante å speigla seg i solstrålane som dansa over Birkelunden....






mandag 8. februar 2010

Fleire funn frå danmarkshelga!

















Her er nokon av skattane eg fann i danmark i helga, dei kjem i butikken i løpet av veka. Eg var så heldig å få med meg litt libertystoff og nokon sprelske glidelåsar og, så skal få sydd opp fleire puter i løpet av kort tid!


Ha ein fin vintermåndag! :)




søndag 7. februar 2010

Innkjøpstur!











Denne helga har eg og min kjære vore ein kjapp tur på innkjøp og litt kos i deilige Danmark.
Etter intensiv skattejakt og jobb på Formland, vart det eit velfortjent døgn med hygge i skjønne Århus.
Me elskar det økologiske hotellet Guldsmeden http://www.hotelguldsmeden.dk/home/ og dette besøket var intet unntak med ei natt der! Heile laurdag traska me gatelangs i Århus og fekk tak i nokon skattar i dei ulike bruktsjappene me var innom. Dumpa og over den sjarmerande barneklesbutikken http://www.krutter.dk/home/ Her har dei noko retro, noko heimestrikka og noko nytt i alle regnbuens fargar! Måtte berre vise dykk link til denne! Dumt eg ikkje tok nokon bilder inne i butikken, for heimesida synest eg ikkje heilt speigla det kule uttrykket til butikken. Den må opplevast! Sjølv om eg ikkje har barn endå, måtte det berre med nokon barneklær heim i kofferten! :)

onsdag 3. februar 2010

Inspirasjonsguiden på besøk...




I går hadde me besøk frå inspirasjonsguiden. Dette er ein guide som skal vise ulike nisjeforretningar i byn som er verdt eit besøk, og me er veldig glade for å få bli med i denne fine guiden som kjem ut om ikkje så lenge!

I går var Marianne innom for å ta nokon bilder til guiden, nokon av desse ser de over her!


Ho har lagt ut resten av bilda på bloggen sin http://www.shabbycharm.blogspot.com/ gå gjerne innom å sjå! :)

Det snør det snør...





I denne snøande februar stund, er det viktig å ha noko kjekt å kvile augene på...


I forrige veke fekk me nokon nydeleg iris inn i butikken. Det fine med å jobbe med blomar er at det plutseleg rett over jul vert ei ny årstid i blomeverda. Når ein får blomar frå Holland slik me gjer, er dyrkinga tidlegar ute enn me nordmenn er vante med i naturen. Rett over jul kjem då altså nye friske vårplanter (løkplanter), greiner som ilex (gåsungar, kirsebær, magnolianosv...) Skal legge ut nokon fine bilder av magnoliagreinene når knuppane har sprunget.


Og så kom denne nydelege irisen då... Det er berre så vakkert å følge prosessen frå knupp til full blomst!