

Puhh.... veit ikkje om eg kan skrive at eg er glad denne helga er over, men bestyrerinna er ihvertfall godt fornøgd med helgas innsats på Purpur!
Kven i all verden er det som har funnet på å smekke alle vårens merkedagar saman på ein dag? For oss i min bransje tok det litt av denne helga kan ein seie :)
MEN...Så lenge det er positivt stress, elskar eg å vere "i farta"!
Det vart og eit lite besøk i kjellaren til den hemmelege "lampeskjermdama" på laurdag etter butikktid, og nokon nydeleg skjermar vart det med i bilen heim! :)
Lampetårna viste seg stolte fram til skuelystne besøkarar i butikken i dag.
På Løkka i dag var det som om alle hadde teke turen ut i sola.... Dette var herleg å sjå, og eit sikkert teikn på at våren er i sikte!