



Eg er så heldig å ha gode hjelparar rundt meg, og det er godt å ha når ein driv butikk!
I går fekk eg 5 nysydde puter hjå gode svigermor Ellen på Siggerud! Ho og ei venninde hjelper meg å produsere strikka sjal, luer, ponchoar og syr puter for meg! Eg prøver så godt eg kan å produsere noko eg og, men tida mi strekk ikkje heilt til lenger for alle mine kreative idear. Då er det godt å ha gode hjelparar!
MEN... eg fekk då kosa meg litt på fredagskvelden med å sy ei lappepute av det nye silkestoffet og litt retrostoff, så no står det berre att å sette glidelås i den!
Me kosar oss med graut til søndagsfrukost i dag.
DEN FLADE MAGES GRØT kokar me på rismelk og vatn. Den inneheld sunne og gode ting som hirse, bogkveite, quinoaflak, hampfrø, rista mandlar og tørk frukt!
Veit ikkje om magen vert noko flatare som tittelen på grauten tilseier, men ein vert god og mett i mange timar etterpå!
På toppen er det godt med frisk frukt i bitar, nøtter, kanel og bjørkesøt som søtning!
NAM NAM!!!